Trening vil seie å øve på noko slik at ein blir betre i det ein øver på.
Det finst mange ulike måtar å trene på. Trening kan delast inn i to hovudkategoriar:
Trening vil seie å øve på noko slik at ein blir betre i det ein øver på.
Det finst mange ulike måtar å trene på. Trening kan delast inn i to hovudkategoriar:
Fysisk trening vil seie at ein rører seg og trener musklane i kroppen. Ved fysisk trening blir ein gjerne sveitt fordi kroppen er i aktivitet.
Når ein driv med fysisk trening, blir ein sterkare og i betre form. Det blir rett og slett lettare å røre seg.
Alt etter kva ein vil bli betre i, kan ein velje mellom ulike typar fysisk trening:
Dei fleste idrettar krev at ein gjer litt av alle typane trening for å bli god.
Målet med mental trening er å bli betre til å takle alle slags situasjonar. Mental trening handlar om å trene måten ein tenker på, og å sortere tanker og kjensler. Kroppen treng ikkje å røre seg når ein driv med mental trening.
Ein person som trener både fysisk og mentalt kan få betre resultat enn andre. Hen kan mellom anna takle stress betre. Ein kan møte på stressa situasjonar når ein driv med idrett, men også elles i livet.
Ein mentalt trent person har også trua på at hen kan meistre noko vanskeleg. Når ein har trua på at det går an å få til ting, finn ein også motivasjonen til å nå målet. Når ein er motivert er det lettare å få noko gjort eller lære seg noko nytt.
Mental trening kan ein gjere ved å meditere, snakke med andre eller ved å tenke gjennom ting for seg sjølv.