edderkopp som nesten går i eitt med bakgrunnen av stein og grus

Tarantellen er eigentleg ein ulveedderkopp som finst i Italia. Fargane på kroppen er ganske like som staden han lever. Det gjer at han ikkje er lett å sjå.

Foto av tarantell
Av /Shutterstock.

Tarantell er ein ulveedderkopp som finst i Italia og nabolanda. Men store, hårete fugleedderkoppar blir ofte også kalla for tarantellar.

Det finst ikkje ville tarantellar i Noreg. Fleire artar av fugleedderkoppar blir haldne som hobbydyr.

Beskriving

Kroppen til tarantellen er 19–30 mm. Hannane er minst. Edderkoppane har åtte punktauge og godt syn. Dei har lange bein og bevegar seg raskt.

Levevis

Tarantellane er aktive om natta. Dei grev ut små hòler. Der sit dei ved utgangen og ventar på byttedyr. Hoene lever heile livet i hòla, medan hannane vandrar meir rundt.

Hoa legg egga i ein kokong som ho ber rundt. Når egga klekkjer, kryp ungane opp på kroppen hennar. Dei blir der til dei kan klare seg sjølve.

Hannar blir 1–2 år gamle, medan hoene blir over 4 år.

Tarantellane kan bite om dei kjenner seg truga, men bitet er ikkje farleg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Kristian Skei
Dr.scient. i ferskvannsøkologi