En kvinne og en mann som holder hverandre i en dramatisk tango-posisjon på gaten. i bakgrunnen ser man en plakat med en tegning av to tangodansere

I byrjinga vart tango dansa på kaféar, restaurantar og på gata i Argentina og Uruguay.

Foto, tangodans.
Av /Shutterstock.

Tango er både ein type dans og ein type musikk. Dansen tango er ein pardans. Tangomusikk er ofte dramatisk og full av kjensler. Dansen handlar om nærleik, samarbeid og improvisasjon.

Tango oppstod i Argentina og Uruguay på slutten av 1800-talet. Tango har spreidd seg til store delar av verda og utvikla seg i ulike retningar.

Kjenneteikn

To dansere på en scene. Kvinnen har rød kjole og håret i en stram topp. mannen har svart dress med en rød blomst i knappehullet. Kvinnen sitter på huk med det ene benet strukket ut og ser dramatisk ned mot høyre ben. Mannen står oppreist, og de holder hverandre i hendene.
Frå den argentinske tangofestivalen i Buenos Aires i Argentina i 2003.
Av /NTB Scanpix.

Tango handlar ofte om sterke kjensler. Ein dansar gjerne veldig tett med partnaren sin. Den eine fører, og den andre blir ført i dansen. Den som fører, bestemmer rytmen og rørslene, og så må partnaren følgje. Det er viktig med eit godt samarbeid.

I tango finnes mange ulike trinn, men rekkefølgja av trinn blir sett saman av dei to som dansar i lag. Dei improviserer dansen. Det vil seie at dei vel trinna undervegs i dansen. Det er rom for å vere kreativ når ein dansar tango. Ein kan leike seg med stega og setje dei saman på ulike måtar og gjerne følgje stemninga i musikken. Rytmen har ofte brå rykk og stopp.

Ein dansefest med tango blir kalla milonga. Der er dansen delt inn i tandas, som tyder at ein dansar tre eller fire dansar etter kvarandre med same partnar. Musikken på ein milonga blir ofte styrt av ein DJ.

Antrekk

I tango er det vanleg at kvinnene dansar i kjole og høge hælar. Menn dansar ofte i bukse og skjorte. Samtidig finst det mange stilartar der antrekka kan variere.

Historie

Av .
Lisens: Public Domain

Tango oppstod på kaféar og restaurantar i Argentina og Uruguay rundt 1870. I byane budde det mange ulike menneske, mellom anna innvandrarar frå Europa og etterkommarar av slavar frå Afrika. Tango vart til då folk blanda europeisk og afrikansk musikk og dans.

Etter kvart vart tango òg dansa av dei i middelklassen og overklassen. Då tangoen vart meir populær, utvikla musikarar musikken vidare.

1940-talet reknast som tangoen sin gullalder i Argentina, altså den viktigaste perioden. Då vart tango dansa og spelt overalt.

Tango kom til Europa i fyrste halvdel av 1900-talet. Her vart tango populær som selskapsdans. Denne tangoen var ulik frå den opprinnelege, argentinske tangoen. Tango har vore særleg viktig i Finland. Der er det framleis store tangofestivalar.

På 1990-talet vart det stor interesse for den argentinske tangoen i Europa. I 2009 vart tango oppført på UNESCO si liste som viktig kulturarv.

Musikk

Tango er i utgangspunktet ein blanda type musikk. Den har trekk frå populære europeiske dansar som vals og masurka, den cubanske dansen habanera, den uruguayske dansen candome og musikkstilen milonga.

Dei første tangomusikarane brukte instrument som fløyte, fiolin, gitar og klarinett.

I starten av 1900-talet byrja ein å bruke trekkspelet bandoneon. No er dette instrumentet sterkt knytta til tangomusikk. Etter kvart spelte større orkester tangomusikk, og instrument som piano og kontrabass kom til.

Tangomusikk i dag varierer i rytme og tempo rundt om i verda.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Elizabeth Svarstad