Som dans er det ein pardans som ein kan danse både på fest og i konkurransar.
Som musikk er swing ein stil i jazzen. Den var spesielt populær mellom 1930 og 1945.
Som dans er det ein pardans som ein kan danse både på fest og i konkurransar.
Som musikk er swing ein stil i jazzen. Den var spesielt populær mellom 1930 og 1945.
Swing er leikne og uhøgtidlege dansar. For mange handlar dansen om å ha det kjekt med ein partnar.
Det er mykje fotarbeid i swing. Det er også ein del hopp og snurrar. Partnaren kan bli kasta over hovudet, som i salto.
Det finst fleire typar swingdansar. Nokre av dei er Lindy Hop, Jive, Boogie Woogie, Rock’n’roll og folkeswing.
Swing er bygd opp av ulike grunnsteg. Vanlegvis brukar ein grunnstega som eit utgangspunkt når ein dansar med ein partnar. Ein kan altså lage sine eigne kombinasjonar basert på grunnstega.
Når ein dansar swing, kan ein improvisere med partnaren sin. Å improvisere betyr å sette saman stega der og då. I improvisasjon er ikkje rekkefølga på stega avtalt på førehand.
Når ein dansar swing som sosial dans, dansar ein i dei kleda ein sjølve vil.
I konkurransar har deltakarane ofte på seg antrekk som passar saman. Då har kvinna ofte på seg kjole, medan mannen har bukse og skjorte.
Mange som dansar swing i konkurransar likar å kle seg i antrekk som er inspirerte av moten frå tidleg på 1900-talet.
Swingdans har utvikla seg frå jazzmusikken på 1920-talet. Swingmusikk er ein type jazz med tydeleg rytme og mykje energi. Vanlege instrument er blåsarar som trompet og saksofon. Swing var i starten namnet på musikksjangeren.
Swingmusikk og swingdans var veldig stort og populært i 1930-åra.
Norges Danseforbund arrangerer konkurransar i swing i heile Noreg.
Norges Danseforbund er tilknytt The World Rock’n’Roll Confederation (WRRC). WRRC arrangerer internasjonale konkurransar i swingdans.