Slettsnokar blir rundt 75 centimeter lange og veg 60–190 gram. Dei har ein lang kropp utan bein. Kroppen er dekt av små skjel. Skjela er glatte, og det er difor han heiter slettsnok. Slett betyr glatt.
Kroppen er brun eller grå på oversida, med to rekkjer av mørke flekkar langs ryggen. Han har ein stor mørk flekk oppå hovudet. Mønsteret på nakken er spesielt for kvar enkelt slange. Forskarar kan bruke bilete av mønsteret til å skilje slettsnokar frå kvarandre. På magesida er kroppen lysare, frå mørk grå til oransje-gul. Hovudet er smalt. Om slettsnoken kjenner seg truga, kan han spile ut hovudet så det verkar større.
Som andre slangar har slettsnoken ei tunge med to spissar. Spissane samlar inn kjemiske signal som slangen nyttar til å finne byttedyr og oppdage farar.