Sild har ein blank og sølvfarga kropp. Silda er litt mørkare på ryggen. Auga er store. Sild har underbit.
Foto av sild
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sild er ein vanleg fisk i Noreg. Silda er sølvfarga og blir ikkje stor. Det blir fiska mykje sild i havet utanfor Noreg.

Sild er ein vanleg matfisk.

Beskriving

glinsande sylvfarga fisk sym tett i tett
Sild kan danne stimar som inneheld mange millionar fiskar.
Foto av sildestim
Av /NTB/Samfoto.

Silda kan bli 45 cm lang, men er som oftast mindre. Det er mykje fiske etter sild, og derfor blir dei sjeldan store.

Sild har ein blank og sølvfarga kropp. Silda er litt mørkare på ryggen. Auga er store. Sild har underbit. Underbit er når underkjeven stikk lenger fram enn overkjeven.

Levevis

garn stappfullt av sild

Mange tener pengar på å fiske sild. Silda blir fiska frå store båtar med motor som dreg inn nota. Denne nota som er trekt inn til skipssida, inneheld 320 tonn sild.

Foto av fiskenot
Av /NTB.

Sild et dyreplankton. Det er små dyr som driv rundt i vatnet. Raudåte er den mest vanlege maten for sild.

Sild lever nord i Atlanterhavet. Ho lever frå Spania i sør til Barentshavet i nord, og heilt over til Nord-Amerika.

Det finst mange ulike grupper med sild. Ei gruppe blir kalla ein bestand. Dei ulike bestandane med sild lever ulike stader. Dei har ulike stader dei svømmer i løpet av året. Éin type sild er vanleg langs den norske kysten om våren. Om vinteren svømmer dei ofte til ein fjord. Ein annan type sild, Nordsjøsilda, svømmer derimot til Storbritannia og Shetland, for å gyte, om hausten og vinteren.

Stillehavssild er ein annan fisk som kan leve i havet utanfor Noreg. Stillehavssild liknar på vanleg sild, men er ein annan art. Denne arten lever vanlegvis i Stillehavet, men er òg funnen nokre stader i Europa. Det finst ein bestand av Stillehavssild i Balsfjorden i Nord-Noreg.

Formeiring

svart-kvitt foto av små båtar som ligg inntil ein større båt ute på havet. fjell i bakgrunnen

Fiske etter sild har vore ein viktig måte å tene pengar på for folk langs kysten. Biletet frå kysten av Møre og Romsdal viser fiskarar i små robåtar som har drege nata full av sild inn til fiskebåten.

Foto av sildefiske i 1951
Av .

Når fisk formeirar seg, heiter det å gyte. Dei fleste sild gyter om våren eller hausten. Då samler silda seg i store flokkar som blir kalla stim.

Silda gyter vanlegvis 10–150 meter under overflata. Egga klistrar seg fast på botnen. Etter to til tre veker klekker egga. Dei nye fiskane som kjem ut av egga er 6–10 millimeter lange.

Slike nyklekte fiskar heiter yngel. Yngelen må raskt finne seg mat sjølve. Når yngelen vert 3–4 cm lang, får han same form som vanleg sild.

Variasjon i mengd

Kor mykje sild det er i havet varierer. Nokre år er det lite mat i havet. Dei åra døyr det meste av yngelen.

I ein periode blei det fiska for mykje sild. Då blei det mindre sild i havet. Forskarar gjev derfor råd om kor mykje det er trygt å fiske. Kvart år blir det fiska fleire hundre tusen tonn sild i Noreg, men talet kan variere mykje frå år til år. Det er Det internasjonale havforskingsrådet, ICES, som gjev råd om kor mykje ein bør fiske.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Leif Asbjørn Vøllestad
Professor i fiskeøkologi, Universitetet i Oslo