reker
Djupvassreke er ei vanleg reke i norske havområde. Mange har som arbeid å fiske etter reker for å selje dei.
Beskriving
Teikningane viser stadium i utviklinga av ei reke. Forma til kroppen endrar seg fleire gonger, heilt til reka er kjønnsmoden.
Djupvassreke, sandreke og strandreke er vanlege artar i Noreg.
Rekene som lever i Noreg er 1–18 centimeter store. Dei fleste reker har ein bøygd kropp. På hovudet har reker følehorn og to store auge. Bakarst har dei ein viftehale. Reker har eit hardt skal på ryggen. Skalet vernar hovudet og den fremste delen av kroppen. Reka må skifte skal etter kvart som ho veks.
Reker er ein type tifotkreps. Under hovudet er det fem par med bein. Desse ti beina blir kalla gangbein. Mange rekeartar har klør eller sakser på gangbeina.
Sjølv om reker er tifotkreps, har dei på ein måte fleire føter. Rundt munnen har dei munnføter. På den bakarste delen av kroppen har dei svømmeføter.
Reker kan ha ulike fargar. Dei kan for eksempel vere rosa, raude, grå, brune, grøne, gule, stripete eller gjennomsiktige. Reker som svømmer rundt i vatnet er ofte gjennomsiktige. Reker som lever på botnen har fargar som kan kamuflere dei. Nokre reker grev seg ned i botnen.
Levevis
Sandreker lever på sandbotn og er veldig vanleg langs kysten av Noreg. Mange fangar dei og bruker dei som lokkemat for fisk.
Djupvassreke
Formeiring
For å formeire seg legg djupvassrekene egg. Egga lagast først i hovudet. Ein ser dei som eit grønsvart felt under hovudskalet. Det kallast hovudrogn. Så vert rogna flytta til under bakkroppen på hoa. Då kallast det utrogn. Egga blir befrukta om hausten. Frå hausten til våren kan hoa bere 1700 egg mellom svømmeføtene sine. Egga klekker i mars og april.
Når egga klekker, kjem det ut larvar som flyt mot overflata. Larvane flyt rundt i tre månader før dei synk mot botnen.
Djupvassreker startar livet som hannar. Etter nokre år byter dei kjønn og blir hoer. Reker i Sør-Noreg blir om lag fire år gamle. Djupvassrekene lengst nord i landet kan bli om lag ti år gamle.
Les meir i Vesle norske leksikon
- skaldyr og skjel
- skjel
- hav
- fiskeri
- krepsdyr