Maori er eit urfolk som bur på New Zealand. Språket deira heiter også maori. Dei kallar landet for Aotearoa, som betyr «landet under den lange, kvite skya».
Det bur rundt 800 000 maoriar i New Zealand. Det er rundt 16 prosent av befolkninga. Dei fleste bur i byar og tettstader. Det bur også mange maoriar i Australia.
Maori betyr innfødd eller vanleg.
Då New Zealand blei sjølvstendig frå Storbritannia i 1907, budde det rundt 40 000 maoriar i landet. Den nye staten New Zealand skulle ha skule og trygd for alle. Men det gjaldt berre for dei som snakka engelsk og følgde europeisk kultur. Maoriane blei diskriminerte.
Etter 1960 har maoriane fått fleire rettar. I nokre område har maoriane også fått tilbake land.