Kraft er det som får ting til å bevege seg på ein ny måte eller forandre form. Viss ein til dømes sparkar ein fotball, brukar ein kraft frå foten til å bevege fotballen. Viss ein krøllar saman eit ark, brukar ein kraft frå handa til å endre forma på arket.
Ei kraft verkar alltid mellom to ting, til dømes ein fot og ein fotball. Ein fotball kan ikkje sparke seg sjølv. Det går heller ikkje an å løfte opp seg sjølv.
Døme på krefter:
- Tyngdekraft
- Friksjonskraft
- Magnetisk kraft
- Elektrisk kraft