Eit termometer viser temperaturen. Dette termometeret viser frå minus 10 grader til pluss 50 grader celsius. Det kan også skrivast på denne måten: frå −10 °C til + 50 °C.

Foto av termometer.
Av /Store norske leksikon.

Eit instrument er ein reiskap som blir bruka til å gjera noko bestemt. Det kan vere noko ein speler musikk med, noko ein måler med, eller noko ein bruker i medisin eller forsking.

Eksempel på instrument er:

Instrument er laga for å kunne gjere noko heilt nøyaktig. Eit musikkinstrument må til dømes kunne spele heilt bestemde tonar. Ein linjal må kunne måle nøyaktig lengd, og eit termometer må kunne måle nøyaktig temperatur.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Maria Vetleseter Bøe
Førsteamanuensis i fysikkdidaktikk, Ph.d., Universitetet i Oslo