Himling er den innvendig takflata. Tak er den ytre delen av takflata. I et hus med fleire etasjar er skiljet mellom etasjane sett ovanfrå golv, nedanfrå himling.
Himling og tak
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Ei gamal kyrkje i tre. Undersida av taket, altså himlinga, er malt med mørk maling, med stjerner i gull.
I mange kyrkjer er himlinga dekka med mykje pynt eller maleri. I Jelsa kyrkje er himlinga i skipet dekorert med stjerner og andre lekamar frå verdsrommet.
Jelsa kirke
Av /Arfo forlag.

Himling er det som dekkjer taket inne i eit rom. Ofte blir himlinga berre kalla tak.

Skiljet mellom etasjane i eit hus kan for eksempel vere laga av trebjelker eller betong. Skiljet fungerer på to ulike måtar, avhengig av kor ein er: Skiljet er golvet i etasjen over seg, og himlinga i etasjen under seg.

Himlinga er oftast laga av trepanel eller plater, til dømes av spon, gips, fiber eller metall. Ein kan pusse, male eller pynte så himlinga blir fin å sjå på. I kyrkjer eller palass kan det vere maleri og anna utsmykking i himlinga.

I himlinga går det også an å feste ekstra materiale som dempar lyden i rommet. Det er vanleg å ha eit mellomrom mellom etasjeskiljet og himlinga. Her kan ein leggje kablar og rør til straum og lufting, utan at dei er synlege. Da seier ein at himlinga er nedfora eller seinka.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Rygh
Sivilarkitekt