gras på ei eng.

Timotei er ein vanleg grasart. Den er det viktigaste graset som blir dyrka som fôr i Noreg. Mange er allergiske mot timotei.

Gras er plantene som dannar plenar i hagar og parkar, og som veks i eng og beite, og på grassletter.

Mange av dei viktigaste matplantene i verda er gras, for eksempel ris, mais, kveite og havre.

Mange er allergiske mot pollen frå gras.

Beskriving

Kornsorten bygg er ein type gras.
Byggåker
Av /Bondebladet.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Gras er grøne og smale planter. Dei har ein rund, hol stengel med leddknutar, smale blad og små blomar. Nokre artar er veldig små, medan andre kan bli fleire meter høge. Blomane til gras er veldig små, og ikkje særleg fargerike. Det er fordi pollenet til blomen blir spreidd med vinden. Hos mange artar gras sit blomane saman i aks.

Graset veks frå punkt som sit nedst på dei smale blada. Desse vekstpunkta er ganske godt beskytta mot beitande dyr og grasklipparar. Det gjer at graset veks opp att etter beiting eller klipping. Mange plantar unngår å bli etne ved å lage stoff som smaker vondt, laga piggar, eller å vekse høgt. Gras toler heller å bli beita på.

Når gras får vekse ut, blir det danna små samlingar med blomar. Desse kan stå tett i tett som hos timotei, eller henge lenger frå kvarandre som hos hengjeaks.

Når pollen frå ein blom treff arret til ein anna blom, skjer det ei befruktning. Etter befruktning vert det utvikla ei frukt. Fruktene hos gras er små. Nokre av dei største fruktene nyttar ein som korn.

Artar

Smyle har raudaktige strå og veks i tuer. Det er eit vanleg gras over heile landet.

Det finst veldig mange ulike artar av gras. Forskarar trur det finst omtrent 13 000 ulike artar. I Noreg er det omtrent 160 artar. Den vanlegaste arten som blir dyrka er timotei.

Nokre vanlege viltveksande artar i Noreg er engrapp, sauesvingel, hengjeaks, kveke, sølvbunke og smyle.

Bruk

Mange av grasa er viktige som fôr til dyr. Nokre grastypar er dyrka som mat for menneske. Dei er viktige i kosten vår. Kornsortane havre, rug, kveite og bygg, er gras. Det same er ris, mais og bambus. Bambus blir mellom anna nytta som mat, til tekstilar og til byggemateriale.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Vik
Førsteamanuensis, Ph.d. i mikrobiell økologi, OsloMet – storbyuniversitetet