Diskvalifisering er når nokon ikkje får halde fram i ein konkurranse fordi dei har brote reglane. Både enkeltpersonar og lag kan bli diskvalifiserte. Dei som blir diskvalifiserte, taper automatisk kampen eller konkurransen.
Av og til blir utøvarane diskvalifiserte før eller under ein konkurranse. Andre gonger finn ein først ut at dei har brote reglane etter at konkurransen eller kampen er over. Då gjeld ikkje lenger resultatet frå kampen eller konkurransen. Det andre laget eller den som kom på andreplass i konkurransen vinn då i staden. Å stryke eit resultat blir kalla å annullere.