Det gamle Makedonia var eit kongerike som vart grunnlagt på 600-talet fvt. På 300-talet fvt. erobra kongane Filip 2. og Aleksander den store endå fleire område, så riket vart større.

Då kongeriket var på sitt største, strekte det gamle Makedonia seg over eit område som i dag er landet Nord-Makedonia og delar av Hellas og Bulgaria.

På 200- og 100-talet fvt. var Makedonia i fleire krigar mot Romarriket. I 168 fvt. vart riket oppløyst og delt i fleire delar.

I 148 evt. vart den delen som framleis heitte Makedonia ein del av Romarriket. I 395 evt. vart denne delen ein del av Bysants.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

James Godbolt
Professor em. i historie, dr.philos, Universitetet i Sørøst-Norge