CRP er eit protein som blir laga i levra og frakta rundt i blodet. Levra lagar meir CRP, når kroppen har betennelse og blir sjuk. Viss betennelsen er stor, blir det laga mykje CRP. Viss betennelsen er liten, blir det laga mindre CRP. Mengda CRP i blodet kan difor vise om nokon har betennelse, og kor stor betennelsen er.
CRP
Faktaboks
- Også kjend som
-
C-reaktivt protein
Å måle CRP
Ein kan teste blodet for å sjå kor mykje CRP det er i det. Det kan ein gjere ved å stikke i fingeren, eller å ta ei blodprøve i armen.
For å måle kor mykje CRP det er i blodet, tek ein ei blodprøve. Som regel tek ein prøva ved å stikke pasienten i fingeren og klemme ut nokre dropar blod.
Resultatet av målinga er eit tal. Å ha CRP under 5 er normalt. Det betyr at ein ikkje har ein stor betennelse.
CRP opp til 40 kan bety at ein har
- infeksjon med virus; talet er litt høgare med influensa enn med vanleg forkjøling
- langvarig betennelse, som leddgikt.
- hjarteinfarkt
- kreft
CRP mellom 40 og 200 kan bety at ein har ein betennelse som kjem av bakteriar, til dømes lungebetennelse.
Bruk
Målingar av CRP kan vise om nokon har betennelse. Men det seier ikkje noko om kva type betennelse ein har.
Når kroppen er i ferd med å bli frisk, søkk CRP til normalt nivå. CRP blir òg brukt for å følgje med på korleis det går med pasienten.