Et maleri viser en mann med krøllete hår og skjegg som holder en fakkel. Han sitter på en stol. Ved siden av ham kneler en ung gutt. mannen holder hånden sin på hodet til gutten. Rundt hodet til både mannen og gutten er det en sirkel i gull.

Abraham var den første som trudde at det berre fanst éin gud.

Måleri av Abraham.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Maleri av en gutt som bærer en stabel med ved og en mann med mørkt hår og skjegg. Det er far Abraham og sønnen Isak.

For å teste Abraham, bed Gud han om å ofre sonen Isak. Abraham lystrar, men guten blir redda i siste liten av ein engel.

Måleri
Av .

Abraham er ein person i Bibelen. Forteljingane om Abraham står i Første Mosebok i Det gamle testamentet og i Toraen i Tanakh. Dei står òg i Koranen. Abraham er viktig i både jødedommen, kristendommen og islam.

I både jødisk, kristen og muslimsk tradisjon var Abraham den første som trudde at det berre fanst éin gud.

Abraham er den eldste av stamfedrane i Bibelen. Ein stamfar er éin av dei første i ei slekt, og den som leier slekta.

Før var det vanleg å tru at Abraham var ein verkeleg person, som levde for omlag fire tusen år sidan. I dag er det få som trur det, men forteljinga om han blir rekna som ei heilag historie.

Forteljingar om Abraham

Abraham bur i ein by som heiter Ur. Gud befaler at han skal fare derfrå, saman med familien sin. Han dreg til landet Kanaan. Gud gjev Kanaan til Abraham og etterkommarane hans. Han lovar at Abraham skal bli stamfar til eit stort folk.

Gud vil teste om Abraham er lydig mot han. Han bed Abraham drepe sonen sin, Isak, og ofre han til Gud. Abraham skal til å gjere som Gud seier. I siste liten blir Isak redda. Ein engel kjem og gjev Abraham ein vêr, som han kan ofre i staden. Engelen fortel Abraham at Gud vil vere spesielt glad i han, fordi han er så lydig.

Gud lagar ei pakt med Abraham. Ei pakt er ein avtale. Pakta var at Gud skulle vere den einaste guden til Abraham. Abraham skulle få ei stor slekt, som skulle vere Guds folk.

Abraham i jødedommen

Jødane reknar Abraham som stamfaren sin, gjennom sonen Isak. Dei kallar han derfor Abraham Aveinu, som tyder Vår far Abraham. Jødar meiner at avtalen mellom Gud og Abraham er gyldig enno. Han er eit førebilete for alle jødar, når det gjeld tru og lydigheit. Abraham er òg profet i jødedommen.

Abraham i kristendommen

I kristendommen er Abraham eit menneske, som trudde på Gud på ein perfekt måte. Han var lydig og gjorde alt Gud ba om. Kristne reknar Jesus som ein direkte etterkommar etter Abraham. Kristne trur òg at det er dei som er Abrahams barn, og dei som blir velsigna av Gud.

Abraham i islam

I islam er Abraham ein viktig profet. Abraham fekk bodskap frå Gud før Muhammed. Han blir kalla «venen til Gud». Han er stamfaren til arabarane, gjennom sonen Ismael. Ibrahim er den arabiske forma av namnet Abraham.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker